Framsida

Leverandør av gode kulturarrangement på Stord!

Klikk på bilete for full storleik
Foto: Tore Idsøe
 
Hovudtanken bak Stordfest arrangement er å skape positive kulturarrangement i stort format på Stord som styrkjer, framhevar og gjer Stord attraktiv som den største tettstaden i Sunnhordland
 

Stordfest2010

Arrangementet Stordfest2010 blei gjennomført 25.06 - 28.06.10 og vart ein gedigen folkefest!

 
 

Stordfest2010 vart mogleg å gjennomføre grunna ei særs kompetent festivalleiing, uvurderlege frivillige og dugnadspersonell, fantastiske sponsorar og samarbeidspartnarar, og konstruktive tilbakemeldingar frå publikum. 

 

Stordfest2010 gjekk føre seg i Leirvik sentrum og blei eit regionalt arrangement men samstundes unikt i nasjonal samanheng ved at det samla nokre av dei største og vakraste seglskutene i verda i kombinasjon med nasjonale og internasjonale artistar, marknadsplass, tivoli, og eit yrande folkeliv på land.

 

Fylgjande fartøy deltok på Stordfest2010:

 
  • SS Statsraad Lehmkuhl
  • SS Christian Radich
  • SS Sørlandet
  • Skoleskibet Georg Stage (Danmark)
  • T/S Gunilla (SE)
  • Galeasen Loyal
  • Hardangerjakta Mathilde
  • Svanhild
  • Seladon
  • Valentine
  • Nortun
  • Pøbelskipet
  • Stina Mari
  • R/S Sandefjord
  • R/S Ragnhild Schanke
  • R/S Torungen
  • KNM ULA (UBÅT)
  • KNM Hitra
  • KV Tor
Fylgjande artistar spelte på Stordfest2010
  • Dumdum Boys
  • Hellbillies
  • Real Ones
  • The Ten Tenors (aus)
  • Magnet
  • Vidar Busk
  • The BlackSheeps
  • La Fleur Fatale (Se)
  • Larkin Poe (US)
  • L'Angelus (US)
  • Storm Weather Shanty Choir
  • Bastard
  • Atle Hansen & Blå Måne
  • Kloster& Toni Gundersen
  • Stord con Spirito
  • Leirvik Mannskor
 
 

Stordfest2007

Arrangementet Stordfest blei første gong gjennomført i 2007 og vart ein suksess på alle måtar med dei største og vakraste seglskutene i Noreg kombinert med eit yrande liv på land og konsertar med folkekjære artistar, og eit estimert besøkstal på 35000 publikummarar. 

 

Fylgjande skuter deltok på arrangementet Stordfest2007:

 
  • SS Statsraad Lehmkuhl
  • SS Christian Radich
  • SS Sørlandet
  • Galeasen Loyal
  • Svanhild
  • Dyrafjeld (tidl Anna Kristina)
  • Seladon
  • DS Stord
  • MS Granvin

Fylgjande artistar spelte under arrangementet Stordfest2007:

 
  • Kurt Nilsen
  • Odd Nordstoga & Allstars
  • Helge Jordal (Terje Vigen)
  • Storm Weather Shanty Choir
  • The Kambourines
  • Superbravo Band

Konklusjonen etter Stordfest2007 var at alt gjekk bra, ingenting gjekk galt, men alt kan bli betre! Den same konklusjonen gjeld for Stordfest2010 og me tek sikte på å gjennomføre enno betre arrangement i framtida, både i form av mindre enkeltståande konsertar og større festivalar. 

 
 
 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Foto: Tore Idsøe
 
 
  Tilbake

 
Stordfest AS - Gullbergvegen 6a - 5411 Stord - Epost: stordfest(a)stordfest.no
 
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS